17.mai i Bergen
Gratulerer med dagen Norge!!
Eg har hatt ein veldig fin 17.mai så langt. Gjekk ned til byn litt før 11, og fekk med oss toget og russen og alt som var å sjå. Det krydde av folk, trur aldri eg har sett så mange folk i bergen før, enda det småregna stort sett heile tida.. Vi hadde heldigvis med paraply, og eg brukte ull under bunadskjorta, VELDIG glad for det.
Sto ei stund ved teateret og såg på toget som gjekk forbi. Overalt var det politisperringar for å holde orden på folkemassene, eit lurt trekk! Folk sto nemlig som sild i tønne langs heile ruta.


Oppvisning i enden av torgallmenningen, av eit av bergens mange buekorps.
Etter å ha gått litt rundt på festplassen, kjøpt en kaffi og sett på russetoget, gjekk eg og min kjære og åt ein nydelige middag. Alle restaurantar og kafèar var fulle, men vi hadde flaks og fekk eit bord for to på "vin og brød".

På "Vin og brød" i min vakre Nordfjordbunad!
No har vi tatt ein tur heim for å slappe av litt, blir sliten av 17.mai gitt. Møtte Sarah, Isabella og Angelo og fekk prata litt med dei òg, koslig. Så får vi sjå kva kvelden bringer. Ha ein fortsatt fin dag kjære venner!
Til slutt eit bilde av heile bunaden min. Er den ikkje nydelig vel?!

















